Foto - Anne Mali Sæther
Forestillinga handlar om eit fuglebarn som kræsjer inn i eit barnehagevindu, brekk nebbet, fell til jorda og dør. I denne filosofiske og musikalske forestillinga ser vi for oss kva som finnest under ein barnehage. Det døde fuglebarnet daler sakte gjennom jorda forbi straumkablar, trær som rotnar, fossil, døde giraffar og kvalar. Jorda er i live!
Eirik Fauskes originale scenetekst , ein musikalsk, fysisk og leiken regi av Anne Mali Sæther og skodespelarane sin gode kontakt med barnepublikum har skapt ein heilt særeigen forestilling.
Forestillingslengde om lag 30 min.
Særs turnévennleg.
Under barnehagen passar frå 3 – 10 år.
Han spelast på moderat nynorsk.
Skodespelarar: Henriette Blakstad og Jonas Straumsheim.
Regissør: Anne Mali Sæther
Manus: Eirik Fauske
Produsent: Torstein Seim
Produsert av Dramatikkens hus i samarbeid med Seanse.
Her er video fra 2020
Her har vi spilt – referansar
Her finn de Maja Løvland sin anmeldelse-under-barnehagen-maja-lovland-20-04-10 av forstillinga.
Dramatikar Eirik Fauske blei nominert til Ibsenprisen 2011 for Under barnehagen. Forestillinga er også seld til utlandet.
Bestilling: post(a)animalskeproduksjoner.no
Vi er særs fleksible med kvar vi kan spille sjå: BØNDER I BYEN